Finn stadnamn i kart og Sentralt stadnamnregister (SSR)
Norgeskart.no er ein nettstad der Kartverket gjev gratis tilgang til oppdaterte kart over Noreg. Stadnamna i Norgeskart vert henta frå Sentralt stadnamnregister (SSR), som er registeret over stadnamn i offentleg bruk i Noreg. I Norgeskart kan du søkje på stadnamn og finne informasjon om blant anna autoriserte skrivemåtar og namnevedtak for offentleg bruk.
Med heimel i § 14 i lov om stadnamn og § 14 i forskrift om stadnamn har Kartverket fått oppgåva med å føre, drifte og utvikle SSR.
(lenke til norgeskart.no der søkjefeltet går mot Sentralt stadnamnregister)
Faktaarket for stadnamn
Faktaarket er Kartverket si innsynsteneste for innhald i SSR. Du finn informasjon om kvart stadnamn i Norgeskart i faktaarket. For å kome inn på faktaarket, søkjer du opp eller trykkjer på eit namn i kartet på Norgeskart.no, og trykkjer deretter på “Se fakta om stedsnavnet”, som dukkar opp i menyen oppe til venstre. Deretter trykkjer du på stadnamnet du vil ha informasjon om. Då blir det opna eit nytt nettlesarvindauga, der du finn faktaarket til det aktuelle namnet.
I faktaarket finn du ein del informasjon om namnet. Nedst i faktaarket står sjølve namnet i ei svart ramme. Trykk inne i ramma for å sjå namne- og skrivemåtestatus – og eventuelle alternative namn og skrivemåtar.
Treng du meir informasjon, kan du ta kontakt på telefon 32 11 80 00 eller e-post post@kartverket.no.
Skrivemåtar som skal brukast i det offentlege
Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter lov om stadnamn, vert den vedtekne skrivemåten ført i SSR, og skrivemåten skal nyttast av det offentlege. Andre skrivemåtar av namnet skal ikkje brukast, korkje på offentlege kart eller i offentlege dokument. Ein kan framleis søkje etter avslegne skrivemåtar i Norgeskart, men desse vil ikkje vere synlege i kartet. Skrivemåtar som har vore i bruk før stadnamnlova vart sett i verk 1.7.1991, har skrivemåtestatus godkjent. Namn som står som godkjent og prioritert skal brukast av det offentlege inntil ein annan skrivemåte blir vedteken gjennom namnesak, eller han vert nedprioritert til fordel for ein annan skrivemåte som er meir i samsvar med lova.
Fakta Fakta om SSR
Sentralt stadnamnregister (SSR) inneheld over 1 million stadnamn med kring 1,2 millionar skrivemåtar.
Ca. 30 000 av stadnamna er samiske, og ca. 2 500 er kvenske.
I SSR er det teke inn namn frå blant anna kartseriar som Norge 1:50 000, sjøkart og økonomisk kartverk (ØK), frå Eigedomsregisteret (særleg adressenamn) og andre offentlege kjelder.
I SSR finst det òg skrivemåtar som har skrivemåtestatus føreslått, og som enno ikkje er autoriserte for offentleg bruk. Desse er berre søkbare i Norgeskart, og ikkje synlege i kartet.
Les meir om dei ulike skrivemåtestatusane og kva for skrivemåtar det offentlege skal bruke her: Skrivemåtestatus og prioritering | Kartverket.no
Namn som ikkje er regulerte av lova
Det finst òg namn med skrivemåtestatus privat i SSR. Døme på dette er namn på industriføretak og småbedrifter, turisthytter, hotell, campingplassar, m.m., der det er eigarane som bestemmer namnet og skrivemåten. Norske og relevante utanlandske namn utanfor Fastlands-Noreg, der lova ikkje gjeld, har skrivemåtestatusen internasjonalt.
Bruksområde
SSR vert nytta dagleg i namneforvaltninga, til namnsetjing, i kartproduksjon, ved adressetildeling, til informasjon om autorisert skrivemåte for offentleg bruk, til forsking og undervisning. SSR er eit godt hjelpemiddel i kartproduksjonen, men fyrst og fremst er det eit verktøy til å standardisere den offentlege stadnamnbruken i Noreg, slik at stadnamna kan fungere som ein felles referanse til å orientere seg geografisk.
Kva inneheld SSR?
I tillegg til opplysningar om skrivemåten har SSR informasjon om språk (norsk, nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, skoltesamisk, kvensk), kasus, kva for fylke eller kommune staden tilhøyrer, geografisk plassering (koordinatar), objekttype (kva det er namn på), status for skrivemåten, om namnet er behandla i namnesak, vedtaksinstans, vedtaksdato i tillegg til dokumentasjon på bruk (på kart, skilt osb.). Her er òg namn på stader utanfor Fastlands-Noreg, med andre land sine land- og språkkodar frå Aust-Grønland i vest til Novaja Zemlja i aust.
Innsynsbrukar til SSR
Det er òg mogleg å bruke innsynsverktøyet SSR som er ein Java-applikasjon som kan startast frå denne adressa: https://stedsnavn.kartverket.no/stedsnavn. Denne krev brukarnamn og passord. Dette kan ein få ved førespurnad til Kartverket.
E-posten er sendt