Siste oppdatering

Skrivemåtestatus og prioritering

I denne artikkelen forklarer me kva som ligg i omgrepa skrivemåtestatus og prioritering, og så går me gjennom dei ulike kombinasjonane av skrivemåtestatus og prioritering.

Tabell over skrivemåtestatusar og prioritering

Skrivemåtestatus Autorisert for offentleg bruk?
vedteke ja
avslått nei
godkjent og prioritert ja
godkjent, ikkje prioritert nei
vedteke namneledd og prioritert ja
vedteke namneledd, ikkje prioritert nei
avslått namneledd nei
feilført nei
føreslått og prioritert vanlegvis ikkje
føreslått, ikkje prioritert nei
historisk og prioritert vanlegvis ikkje
historisk, ikkje prioritert nei
internasjonal og prioritert ja
internasjonal, ikkje prioritert nei
privat og prioritert ja
privat, ikkje prioritert nei
uvurdert og prioritert vanlegvis ikkje
uvurdert, ikkje prioritert nei
Tabell 1. Skrivemåtestatus og prioritering for ein skrivemåte avgjer om skrivemåten kan brukast av offentlege organ eller ikkje. Grøn farge tyder at skrivemåten kan brukast, medan raud farge tyder at skrivemåten ikkje kan brukast. Gul farge tyder at offentlege organ ikkje kan bruka skrivemåten i formell samanheng, t.d. på skilt, kart, logoar eller i registeroppføringar, men at han kan brukast elles i offentlege dokument dersom det ikkje finst ein annan autorisert skrivemåte eller eit anna autorisert namn på same namneobjektet som kan nyttast i staden.

Eitt og same stadnamn kan vere registrert med ulike skrivemåtar i Sentralt stadnamnregister (SSR). Eit døme på dette er namnegarden Askjum, som er registrert med skrivemåtane Askjum, Askim og Aschim. Det er reglar for kva skrivemåtar som er autoriserte for offentleg bruk og ikkje, og me nyttar skrivemåtestatusar og prioritering for å vise kva for skrivemåtar det offentlege kan/skal bruke.

Skrivemåtestatus

Det finst fleire ulike skrivemåtestatusar, og alle skrivemåtar har éin skrivemåtestatus. Dei ulike statusane gjev føringar for om skrivemåten skal brukast av det offentlege eller ikkje, og dei syner korleis skrivemåten har blitt brukt eller handsama tidlegare. Skrivemåtestatusar syner òg om skrivemåten skal fastsetjast etter reglane i stadnamnlova eller ikkje.

Prioritering

I tillegg til skrivemåtestatus har dei fleste skrivemåtar ei prioritering. Alle stadnamn, utanom dei med skrivemåtestatus vedteke, avslått eller feilført, har éin prioritert skrivemåte. Eventuelle andre skrivemåtar er då ikkje-prioriterte. Eit stadnamn kan til dømes ha tre skrivemåtar med skrivemåtestatus godkjent, og då må éin av dei prioriterast for at me skal vite kva for ein av dei som skal brukast av det offentlege. Prioritering er altså ein markør som viser kva for skrivemåte som skal nyttast når skrivemåtestatusen i seg sjølv ikkje gjev eit klårt svar.

Dersom eit stadnamn er registrert i SSR, kan du slå opp kva skrivemåtestatus og prioritering namnet har her: stadnamn.kartverket.no/fakta/. Les meir om korleis du kan gjera oppslag i SSR her: Søk stadnamn i kart | Kartverket.no

Liste over skrivemåtestatusar og prioritering

Godkjent

Når ein skrivemåte har statusen godkjent, tyder det at skrivemåten er dokumentert i offentleg bruk før stadnamnlova tredde i kraft 01.07.1991. Dokumentasjonen kan vere matriklar, offentlege kart eller offentlege dokument. Namn som no har godkjende skrivemåtar, blei massivimporterte til SSR då dette registeret blei oppretta.

Dersom eit namn har fleire skrivemåtar med statusen godkjent, er det berre den prioriterte skrivemåten som er autorisert for offentleg bruk. Dei skrivemåtane som er ikkje-prioriterte, skal ikkje nyttast.

Vedteke

Når ein skrivemåte blir fastsett etter reglane i stadnamnlova, det vil seie i ei namnesak, får han statusen vedteke. Vedtekne skrivemåtar er autoriserte for offentleg bruk, og dei skal brukast av det offentlege, jf. § 11 fyrste ledd i lova.

Avslått

Denne statusen blir nytta om skrivemåtar som er avslått etter handsaming i namnesak etter stadnamnlova. Skrivemåtar med denne statusen skal ikkje brukast av det offentlege.

Vedteke namneledd

Når eitt av namneledda i eit stadnamn blir fastsett etter reglane i stadnamnlova, får skrivemåten statusen vedteke namneledd. Døme: I ein kommune har Kartverket gjort vedtak om at stadnamn som inneheld namneleddet tjørn, skal ha skrivemåten tjønn. I eit namn som Troddetjønn er då tjønn vedteke, men ikkje skrivemåten av resten av namnet.

Dersom eit namn har fleire skrivemåtar med statusen vedteke namneledd, er det berre den prioriterte skrivemåten som er autorisert for offentleg bruk. Dei skrivemåtane som er ikkje-prioriterte, skal ikkje nyttast.

Avslått namneledd

Denne statusen blir nytta om skrivemåtar der ein del av namnet er avslått etter handsaming i namnesak etter stadnamnlova. Skrivemåtar med denne statusen skal ikkje brukast av det offentlege.

Historisk

Når ein skrivemåte har statusen historisk, tyder det at skrivemåten finst i skriftlege kjelder, men at han ikkje lenger er autorisert for offentleg bruk. Grunnar til dette er at namneobjektet ikkje eksisterer lenger, at namnet er utdøytt, at namnet er erstatta med eit anna namn, eller at skrivemåten openbert er forelda.

Historiske skrivemåtar skal i hovudsak ikkje brukast av det offentlege, men om dei er prioriterte, kan dei brukast i saksdokument og liknande dersom namnet ikkje har andre skrivemåtar som er autoriserte for offentleg bruk, og det ikkje finst eit anna namn på same lokaliteten med skrivemåtar som er autoriserte for offentleg bruk. Dei skrivemåtane som er ikkje-prioriterte, skal uansett ikkje nyttast.

Føreslått

Når ein skrivemåte har statusen føreslått, tyder det at skrivemåten er føreslått for offentleg bruk, men at han må handsamast etter stadnamnlova før han eventuelt blir autorisert for offentleg bruk.

Skrivemåtar med statusen føreslått skal i hovudsak ikkje brukast av det offentlege i formell samanheng, t.d. ikkje i registeroppføringar, i skilt eller på kart, men om dei er prioriterte, kan dei brukast i saksdokument og liknande dersom namnet ikkje har andre skrivemåtar som er autoriserte for offentleg bruk, og det ikkje finst eit anna namn på same lokaliteten med skrivemåtar som er autoriserte for offentleg bruk. Dei skrivemåtane som er ikkje-prioriterte, skal uansett ikkje nyttast.

Uvurdert

Når ein skrivemåte har statusen uvurdert, tyder det at skrivemåten ikkje er autorisert for offentleg bruk, og at det heller ikkje ligg føre planar om å autorisere han for offentleg bruk.

Uvurderte skrivemåtar skal i hovudsak ikkje brukast av det offentlege, men om dei er prioriterte, kan dei brukast i saksdokument og liknande dersom namnet ikkje har andre skrivemåtar som er autoriserte for offentleg bruk, og det ikkje finst eit anna namn på same lokaliteten med skrivemåtar som er autoriserte for offentleg bruk. Dei skrivemåtane som er ikkje-prioriterte, skal uansett ikkje nyttast.

Privat

Denne statusen blir nytta om skrivemåtar av namn på private anlegg/institusjonar og nye bruk som ikkje har eit nedervt namn. Sidan slike namneobjekt blir rekna som private, fastset ein ikkje skrivemåten etter reglane i stadnamnlova.

Det offentlege skal nytte den prioriterte skrivemåten av namnet. Dei skrivemåtane som er ikkje-prioriterte, skal ikkje nyttast.

Internasjonal

Denne statusen blir nytta om skrivemåtar av namn som ligg utanfor den norske territorialgrensa, og som dermed ikkje er regulert av stadnamnlova. Stadnamn på både norsk og andre språk kan ha denne statusen.

Det offentlege skal nytte den prioriterte skrivemåten av namnet. Dei skrivemåtane som er ikkje-prioriterte, skal ikkje nyttast.

Feilført

Denne statusen blir nytta om skrivemåtar som ved ein feil har blitt ført i SSR, og som sidan har blitt strokne att. Feilførte skrivemåtar er ikkje tilgjengelege for søk i Norgeskart eller andre eksterne søkjetenester.

Del
XPPT