Søk om innsyn i stadnamnsaker
I ei namnesak vert skrivemåten av eit stadnamn fastsett for offentleg bruk. Kartverket er vedtaksorgan i mange slike saker. Du kan få informasjon om saksgang og vedtak ved å søkje innsyn i stadnamnsaker.
Dersom du ynskjer innsyn i vedtaksbrev og annan korrespondanse i namnesaker der Kartverket er vedtaksorgan, kan du søkje om det gjennom eInnsyn.
Vil du berre ha informasjon om status for ei namnesak, kan du òg søkje på namnet i Sentralt stadnamnregister (SSR). Der kan du sjå om det er reist sak på skrivemåten av stadnamnet, om skrivemåten er vedteken, eller om det er klaga på ein vedteken skrivemåte.
Kartverket sine oppgåver i stadnamnsaker
Kartverket fastset skrivemåten av blant anna gards- og bruksnamn, seternamn og naturnamn. Kartverket førebur saka og sender ut eit oppstartsbrev til aktuelle kommunar og eventuelle andre partar. Etter at kommunen har gjennomført høyring og stadnamntenesta har gjeve tilråding, vedtek Kartverket ein skrivemåte av stadnamnet. Vedtekne skrivemåtar skal nyttast av offentlege organ.
Kartverket driftar og fører Sentralt stadnamnregister (SSR), som er registeret over stadnamn som er i offentleg bruk. Når det er gjort vedtak i ei namnesak, fører Kartverket namnet og skrivemåten i SSR. Registeret inneheld òg andre opplysningar om namna, blant anna plassering, språk og objekttype. Dataa i SSR vert nytta i karta som Kartverket lagar, men dei vert òg nytta eksternt, til dømes i turkart og vêrtenester.Trass i at Kartverket er kartprodusent og har eit forvaltningsansvar etter lov om stadnamn, bestemmer me ikkje kva ein stad heiter. For nedervde namn er det tradisjonen som avgjer kva namn det offentlege skal bruke, og slike namn har etter stadnamnlova vern som kulturminne.
Lovheimel for Kartverket sine oppgåver
Oppgåvene som er nemnde ovanfor, har Kartverket fått gjennom lov om stadnamn frå 1991. Etter endringane i lova frå 2006 fastset me òg skrivemåten for andre statlege etatar dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift, til dømes namn på Kystverket sine fyr og Vegvesenet sine bruer og tunnelar. Sjølve namnevalet gjer etaten sjølv.
I praksis tyder dette at Kartverket vedtek skrivemåten av dei fleste namna som vert brukte i kart.
E-posten er sendt