Siste oppdatering

Slik fastset Kartverket skrivemåten av stadnamn

Her kan du sjå saksgangen i ei stadnamnsak og korleis saksbehandlinga i Kartverket er lagd opp.

Kartverket fastset skrivemåten av mellom anna gards-/bruksnamn og naturnamn, medan det er den nedarva stadnamntradisjonen som avgjer namnevalet, dvs. kva staden heiter. På nye statlege anlegg er det anleggseigaren som avgjer namnevalet, medan Kartverket fastset skrivemåten.

Det finst òg andre vedtaksorgan i stadnamnsaker, mellom andre kommunane. Sjå forklaring om kommunal namnsetjing på nettsidene til Språkrådet.

Saksgang etter lov om stadnamn

  1. Nokon tek opp namnesak etter lov om stadnamn (§ 6 fyrste ledd).
  2. Kartverket (§ 7 tredje ledd i lova) førebur saka og sender høyringsbrev til kommunen.
    Sametinget og Språkrådet (kvensk stadnamnteneste) skal fyrst gje ei førebels tilråding i saker som gjeld samiske eller kvenske namn. Sjå Sametinget si nettside.
  3. Kommunen legg saka ut på høyring med to månaders frist. Kommunen sender direkte brev til eigarar/festarar i saker som gjeld bruksnamn. Saka skal kunngjerast for lokale organisasjonar som har særleg tilknyting til namnet.
    Etter høyringsrunden sender kommunen innkomne høyringssvar til Språkrådet og/eller Sametinget, med kopi til Kartverket.
  4. Språkrådet/Sametinget gjev tilråding om skrivemåten.
  5. Kartverket gjer vedtak om skrivemåten. Vedtaket skal vere skriftleg og grunngjeve.
  6. Kartverket sender vedtaket til kommunen og den som har teke opp saka. Kartverket sender òg vedtaket til Språkrådet/Sametinget og andre offentlege organ som skal bruke namnet i tenesta.
  7. Kommunen skal sende vedtaket direkte til eigarar/festarar dersom saka gjeld bruksnamnet deira. Saka skal òg sendast til dei som har uttala seg i saka etter § 8 fyrste ledd i stadnamnlova, og kunngjere vedtaket for dei som har klagerett etter § 12 i lova.
  8. Kartverket registrerer vedtaket i Sentralt stadnamnregister (SSR). Derifrå kjem namna ut i Norgeskart.no.

Dette er en bildebeskrivelse

Klage

Vedtaket kan klagast på. Klagar sender klagen til vedtaksorganet. Saksgangen ved klage er den same som i førstegongsbehandlinga. Dersom klagaren ikkje får medhald av vedtaksorganet, blir skrivemåten avgjord av Klagenemnda for stadnamnsaker. Vedtak i Klagenemnda er endeleg.

Både stat, fylkeskommune og kommune skal bruke den vedtekne skrivemåten av stadnamna våre.

Behandling av stadnamn i Kartverket

Det følgjande gjer greie for intern saksgang og interne føringar i Kartverket for dei fleste namnesaker. Unntaket er saker der grunneigar sjølv kan fastsetje skrivemåte på eige bruk.

Retningslinene for namnebehandling er skrivne ned i Handbok for namnebehandling i Kartverket.

Steg 1: Kartverket får ein førespurnad

  • Misforståingar, feilplasseringar, feil namn eller trykkfeil: Kartverket undersøker saka og tek ev. kontakt med kommunen og Språkrådet for oppklaring. Vi rettar opp feila i Sentralt stadnamnregister (SSR).
  • Skrivemåte: Kartverket vurderer å reise namnesak.

Kartverket må reise namnesak dersom førespurnaden kjem frå ein som har rett til å ta opp namnesak etter lova.

Steg 2: Kartverket reiser namnesak

  • Kartverket legg den foreslåtte skrivemåten inn i SSR med status F (foreslått).
  • Kartverket sender tilbakemelding om vidare saksbehandling med tidsfristar til den som kom med førespurnaden, innan ein månad etter førespurnaden er motteken.
  • Kartverket sender saka til vedkommande kommune, på lokal høyring med to månaders frist. Kommunen behandlar saka og sender ho til stadnamntenesta i Språkrådet, med kopi til Kartverket. Språkrådet sender tilråding i saka attende til Kartverket. Gjeld saka samisk eller kvensk namn, skal Kartverket sende saka til samisk (i Sametinget) eller kvensk stadnamnteneste (i Språkrådet) for førebels tilråding før saka går til kommunen på lokal høyring.

Steg 3: Kartverket gjer vedtak

  • Kartverket vurderer tilrådinga frå stadnamntenesta i Språkrådet/Sametinget saman med lokale høyringsfråsegner.
  • Kartverket gjer vedtak.

Steg 4: Vedtaket inn i SSR

Kartverket legg vedtaket inn i SSR. Statusdato er den datoen som står på vedtaksbrevet.

Del
XPPT