Siste oppdatering

Kvifor vedtek Kartverket skrivemåten av stadnamn?

Heilt frå 1800-talet har skrivemåten av stadnamn i Noreg vore eit tema i språkdebatten. Skrivemåten av stadnamn skulle spegle norsk kultur og identitet etter at Noreg hadde vore underlagt Danmark i over 400 år. Framleis handlar skrivemåte om identitet, men no får stadnamn fastsett skrivemåten etter reglane i stadnamnlova.

Ei eiga stadnamnlov

Lov om stadnamn vart gjeldande i 1991. Stortinget ville gje retningsliner for skrivemåten av stadnamn gjennom ei eiga lov. Det vart mellom anna bestemt at Kartverket skal fastsetje skrivemåten av gards- og bruksnamn og naturnamn. I praksis inneber dette at Kartverket fastset skrivemåten av dei fleste stadnamna i offentleg bruk.

Mange omsyn

Kartverket må ta fleire omsyn når dei skal fastsetje skrivemåten av eit stadnamn. Utgangspunktet for skrivemåten skal vere den nedarva lokale uttalen. Skrivemåten skal fylgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk eller kvensk. I tillegg må ein ta omsyn til:

  • Rettskriving
  • Praktisk skrivemåte
  • Meiningsinnhald
  • Normeringspraksis i området
  • Skrifttradisjon for namnet
  • Samsvar med primærnamnet (opphavleg namneobjekt)
  • Lokale ynske frå dei med uttalerett
  • Språkrådet/Sametinget si tilråding

I dag er det mange som har ein variant av eit stadnamn (ofte gardsnamn) som etternamn, men det kan vere stor forskjell mellom skrivemåten av slektsnamnet og gardsnamnet. Mange slektsnamn er baserte på danske skrivemåtar frå 1800-talet. Slektsnamn er regulerte av lov om personnamn frå 1923, medan stadnamn har vern etter stadnamnlova. Sidan dette er to ulike lovverk, skal ein ikkje ta omsyn til skrivemåten av slektsnamn ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn.

Kulturminne

Med stadnamnlova vart òg kulturminnevernet heimla i det norske lovverket. Språkhistoria generelt og dansketida spesielt har endra språket vårt på mange vis. Sidan det ikkje alltid var så lett å gje att uttalen av norske stadnamn med det danske skriftspråket, oppstod det skrivemåtar som ligg langt unna den nedarva, lokale uttalen, og som skuggar for meiningsinnhaldet i namna. Når ein tek utgangspunkt i den nedarva, lokale uttalen ved fastsetjing av skrivemåten, baserer ein seg på den lokale namnetradisjonen, og skriftforma vil då ofte harmonere betre med seiemåten, opphavet og tydinga av namnet.

Så kven eig stadnamna våre? Nedarva stadnamn er kulturminne me har arva, og dei utgjer ei språkleg felleseige. Frå ein språkfagleg synsstad er det den namneforma som er overlevert munnleg frå generasjon til generasjon som er det eigentlege namnet, og som har krav på vern gjennom ein tilpassa skrivemåte.

Kartverket vedtek altså skrivemåten av stadnamn for å gjeva dei ei praktisk form som samstundes tek vare på namnet som eit kulturminne. Oppgåva vart gjeven Kartverket med stadnamnlova.

Del
XPPT