Siste oppdatering

Lag din egen nødplakat

Ein nødplakat har all informasjonen nødetatane treng for å finne fram når du treng rask hjelp. Skriv ut og heng opp til dømes på hytta.

Nødplakaten er fjerna frå Norgeskart.no. Vi anbefalar at du bruker Norsk Luftambulanse sin teneste for å lage eller oppdatere nødplakaten din.

Nødplakaten er utskrift av ein «plakat» som alle enkelt kan lage sjølv på PC-en sin. Utskrifta inneheld den nøyaktige geografiske posisjonen for den staden du vel å lage nødplakat for. Dette kan vere livsviktig hjelp viss du er på ein stad der du er usikker på adressa.

Den gir deg oversikt over alle nødnumra, koordinat der du er og ei oversikt over kva symptom du alltid skal ta på alvor.

Hjelper deg å varsle raskt

Nødplakaten skal hjelpe deg å varsle raskt til riktig nødetat når noe skjer. Det kan spare viktig tid.

Nødetatane opplever ofte at folk som kontaktar dei, ikkje klarer å forklare godt nok kor dei er. Spesielt gjeld det om dei ringjer frå ei hytte. Har du ein nødplakat lett tilgjengeleg på hytta, kan du raskt formidle kor redningsmannskapa kan finne deg.

I tillegg til å henge ein nødplakat på innsida av hytta, kan det være ein idé å henge ei utskrift også på utsida, slik at forbipasserande kan bruke plakaten til å skaffe hjelp.

Fleire har ikkje vegadresse

Det kan òg vere lurt å ha ein nødplakat heime i stova eller gangen. Mange har framleis ikkje vegadresse heime, og fram til dette kjem på plass, er nødplakaten grei å ha.

Del
XPPT