Tilgjengelegheitserklæring
Kartverket forpliktar seg til å gjere nettsidene sine tilgjengelege for alle brukargrupper
Vi følgjer dei internasjonale retningslinene for tilgjengelegheit og universell utforming av nettsider, Web Content Accessibility Guidelines (WCAG). Nettsidene skal vere i samsvar med norsk lov som innarbeider europaparlaments- og rådsdirektiv (EU) 2016/2102 (pdf).
Denne erklæringa blei laga 15. mai og sist oppdatert 22. mai.
Kartverket skal
• Oppretthalde og vidareutvikle ein tilgjengeleg nettstad.
• Sjå til at nettstaden oppnår minst nivå AA i WCAG 2.0.
• Tilpasse innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1.
• Følgje likestillings- og diskrimineringslova.
• Følgje forskrift om universell utforming av IKT.
• Inkludere universell utforming ved val av tredjepartssystem og ved oppgradering av eksisterande system.
Denne tilgjengelegheitserklæringa gjeld kartverket.no, men ikkje subdomene.
Prinsippa for tilgjengelegheit som vi følgjer
• Vi har gode rutinar for å rette opp manglande tilgjengelegheit.
• Vi har eit klart og tydelig språk.
• Nettsidene er koda slik at det er mogleg å lese opp innhaldet med skjermlesarar.
• Du kan forstørre teksten i nettlesaren din.
• Vi oppfyller krava til fargekontrastar, overskrifter og lenker.
• Alle bilete har alternativ bilettekst.
Status for kartverket.no
I tillegg til manuelle metodar blir nettsida kartverket.no jamnleg gjennomsøkt for tilgjengelegheitsfeil med verktøyet Siteimprove.
• Status per [mnd/år]: [poeng].
Kartverket.no blei i august 2020 testa og analysert av Funka.nu. Vi fekk følgjande tilbakemelding:
[tilbakemelding fra Funka]
Ikkje tilgjengeleg innhald
Innhald i kartutsnitt som er inkludert på nettsida, er ikkje omfatta av gjeldande reglar.
Sei frå om nettsida ikkje er tilgjengeleg nok
Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller er språket vanskeleg å forstå? Er det noko som hindrar god funksjonalitet, eller går du glipp av innhald? Vi set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjengelegheit!
Send oss tilbakemelding om tilgjengelegheit på e-post-adressa til nettredaksjonen, info@kartverket.no. Vi behandlar innspel fortløpande, men det kan ta opptil 3-6 veker før du får svar.
Råd og klage
Om du ikkje er nøgd med svara våre eller tiltaka vi set inn for å gjere nettsida tilgjengeleg, kan du kontakte Likestillings- og diskrimineringsombodet for råd og rettleiing. Diskrimineringsnemda behandlar klager.
E-posten er sendt