Siste oppdatering

Plan- og temadatautvalet for Rogaland

Plan- og temadatautvalet (PTU) skal vere ein møteplass for gjensidig erfaringsutveksling og samhandling omkring plan- og temadata i fylket.

Utvalet sine aktivitetar er som med basisdatautvalet i stor grad knytt opp til geodataplanen sin årssyklus. Det er derfor naturleg med to-tre møter i året.

Utvalet skal i hovudsak arbeide med:

  • Utveksling av erfaringar dermålet er å sikre høg kvalitet på plan-og temadata og god formidling av dei
  • Innspel til geodataplanen
  • Diskutere faglege problemstillingar
  • Hjelpe Norge digitalt-partar som vil etablere plan-og temadata

Samansetnad

Plan-og temadatautvalet er samansett av representantar frå:

  • Kommunane
  • Geovekst-partane
  • Fylkeskommunen
  • Statsforvaltaren
  • Eventuelle andre relevante partar, til dømes frå andre statsetatar

Medlemmer i plan- og temadatautvalet for Rogaland

Part Representant
Statsforvaltaren i Rogaland Tonje Fjermestad Aase (Beredskapsstaben)
Statsforvaltaren i Rogaland Solbjørg Engen Torvik (Solbjørg Engen Torvik)
Statsforvaltaren i Rogaland  James Stott (Administrativ stab)
Rogaland fylkeskommune Astrid Espe (Plan, miljø og samfunnsavdelinga)
Kommunane Elisabeth Harr (Sola)
Kommunane Sigbjørn Throndsen (Sandnes)
Kommunane Heidi Saua (Sauda)
Kommunane Stine Helen Marken (Vindafjord)
Statens vegvesen Silje Ofstad Henden
Andre etatar John Morten Klingsheim (Kystverket Vest)
Andre etatar Frances Toynbee (Fiskeridirektoratet)
Kartverket Rogaland Sigbjørn Wik
Kartverket Rogaland Håvard Ronold
Del
XPPT