Tospråkleg hamnedata-standard på høyring
Ein nøkkelfaktor i digitaliseringa av hamner er standardisering. Det er blitt jobba målretta med å få på plass ein produktspesifikasjon for hamnedata. Versjon 3.0 av hamnedata-standarden er nå til høyring.
Hamnedata versjon 2.0 og 3.0
– Erfaringar frå kartlegginga som blei gjort i prosjektet Hamnedata 2020, gav ei rekke innspel og tilbakemeldingar. Basert på desse er det gjort forbetringar og nødvendige tilpassingar av hamnedata-standarden, seier Matilde Skår i Kartverket.
Dette resulterte i ein oppdatert UML-modell for hamnedata og tilhøyrande registreringsinstruks, versjon 2.0. Hamnedata versjon 2.0 finn du på Geonorge. Dette er den gjeldande versjonen, han er å sjå på som ein «mellomversjon», som eit ledd i arbeidet med ein formelt godkjent produktspesfikasjon.
Versjon 3.0 av hamnedata-standarden er no til høyring. Produktspesifikasjonen for hamnedata 3.0 kjem i norsk og engelsk utgåve, der norsk utgåve er originalversjonen.
Brukarkartlegging
Som ein del av arbeidet med standarden, har brukarbehov i hamn blitt kartlagt, og ein rapport levert. Hovudformålet var å identifisere dei viktigaste brukerbehova, kartlegge kvifor desse er viktigast, og korleis vi kan handtera desse behova. Det er gjort ei vurdering for å sjå om behova er fange opp av hamnedata-standarden eller registreringsinstruks, og behovet for å gjere ei tilpassing av standarderen er vurdert.
Kartlegginga av brukerbehov har danna grunnlag for arbeidet med hamnedata-standarden, særskilt versjon 3.0.

Tospråkleg standard
UML-modellen for Hamnedata 2.0 er tilgjengeleg både i norsk og engelsk versjon i objektregisteret på Geonorge. Produktspesifikasjonen for hamnedata 3.0 kjem i norsk og engelsk utgåve.
- Å kunne tilby hamnedata-standarden også på engelsk er ein fordel, med tanke på at mykje kommunikasjon innan samferdsel går føre seg på engelsk. Ikkje minst gjeld dette innan internasjonal skipsfart. Utanlandske fartøy med mannskap som ikkje kan norsk er jamnleg innom norske hamner, og har same behov for informasjon om hamnedata som fartøy med norskspråkleg mannskap. I tillegg vil ein engelskspråkleg hamnedata-standard lettare kunne delast og tas i bruk utanfor Noreg sine grenser, seier Skår.
Registreringsinstruks
Registreringsinstruksen er ei praktisk rettleiing for korleis datafangst skal gjerast og korleis objekttypane skal registrast. Instruksen inneheld oppdaterte registreringsmetodikk og fleire bilde med døme på objekttypar. Gjeldande versjon er tilgjengeleg på Geonorge.
Data samla inn ved hjelp av registreringsinstruksen blir forvalta i ein sentral database hos Kartverket, bygd på NGIS-forvaltningsplattformen etter same konsept som for basis kartdata (SFKB). Data vil også bli tilgjengelege via Geonorge.
Felles innsyn og visualiseringstenester
Hamnene må kvalitetssikre sine data og halde dei oppdatert i hamnedatabasen. Oppdaterte data er viktig ettersom dei inngår som grunnlag for verktøy i hamnesystemet og skal brukast på ulike måtar av mange ulike aktørar i "økosystemet" rundt hamn.
For hamnedata er det laga felles innsyns- og nedlastingtenester som er tilgjengelege via Geonorge. Redigering og oppdatering av databasen kan gjerast igjennom programmeringsgrensesnittet NGIS-OpenAPI. Dette kan til dømes gjerast ved hjelp av ein plug-in i GIS-applikasjonen QGIS. Via open source-programvaren QGIS kan hamnene sjølv enkelt kunne ajourføre og oppdatere sine hamnedata direkte til SFKB.
Eit felles symbolbibliotek som er utarbeida, mogleggjer likearta presentasjon av data i ulike visningsverktøy, i tillegg til WMS- og WFS-tenester. Hamnesymbola er tilgjengeleg på Geonorge.
Vegen vidare
Etter høyringsfristen 25. oktober 2022, vil innspela bli gjennomgtt. Går alt etter planen vil standardisert produktspesifikasjon for Hamnedata 3.0 være godkjent innan 1. januar 2023.
Det blir arbeida med ein oppdatert versjon av registreringsinstruksen. Registreringsinstruksen vil bli oppdatert i samsvar med Hamnedata 3.0, og sendt ut på eiga høyring.
Etter at produktspesifikasjonen er godkjent, vil UML-modellen til Hamnedata 3.0 bli implementert i QMS og NGIS open-API. Det vil kome oppdaterte teiknereglar for Hamnedata 3.0.
Fakta om prosjektet Hamnedata 2021
Ei felles prosjektsatsing mellom Kystverket, Kartverket, Miljødirektoratet og Sjøfartsdirektoratet.
Prosjektet er ei vidareføring av prosjektet Hamnedata 2020.
Målet er å gjere det enkelt å dele og oppdatere hamnedata gjennom ein felles nasjonal infrastruktur.
Tilgjengelege og kvalitetssikra data vil m.a. bidra til meir effektive hamner.
Prosjektet har tre arbeidsgrupper:
- Produktspesifikasjon
- Brukarkartlegging i hamn
- Teiknereglar
E-posten er sendt