Status kartlegging i Møre og Romsdal
Midlertidige bilete er no klare frå årets flyfotografering.
Romsdal 2022
Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes.
Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngår i prosjektet. Oppdraget er tildelt Hexagon.
Førebels ortofoto er no å finne på innsynsløysinga Norge i bilder:
Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Midsund laser 2022
Geovekstprosjektet omfattar laserskanning med punkttettleik på 10 punkt/m2 for eit område på omlag 95 km2 i Molde kommune. Dette er eit Geovekst-prosjekt som gjennomførast i samarbeid med Nasjonal detaljert høgdemodell (NDH).
Datafangst er ferdig, og punktskya er truleg klar før jul.

Historiske ortofoto
Ønske om ny runde med historiske ortofoto kjem frå fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal. Til saman er det over 8 600 flyfoto fordelt på 75 flyoppgåver (flyoppdrag) frå tidsperioden 1957-1994.
Kartverket har skanna desse flybileta, og oppdraget med å produsere ortofoto er sett vekk til eit kartleggingsfirma. Dette oppdraget er tildelt Blom Norway AS. Firma skal levere ferdigproduserte flyoppgåver til fylkeskartkontoret for kontroll og publisering på norgeibilder.no. Prosjektet skal vere ferdig frå leverandør i juni 2023.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Nordmøre Nord 2021
Geovekstprosjektet omfatta område i kommunane Aure, Smøla, Surnadal, Sunndal og Gjemnes. Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngjekk i prosjektet.
Du kan sjå ferdige ortofoto i kartløysinga Norgeibilder. Data er lagt inn i SFKB.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet

The mail has been sent!